|
Sammendrag
![]()
![]() |
|
|||||||||||||||||
Grunnskulelærarutdanning for 1. til 7. årssteg er ei fireårig yrkesutdanning som er aktuell for deg som likar å arbeide med barn, og som ønskjer å arbeide i skuleverket. Studiemodellen som er vald ved Høgskulen i Volda, gir høve til både breidd og fordjuping i fag. I obligatoriske fag og valde fag vert det lagt vekt på tverrfaglege tema, som grunnleggjande ferdigheiter, begynnaropplæring, kreative uttrykksmåtar, digital kompetanse og den internasjonale dimensjonen. Undervisninga vil førebu til god profesjonsforståing, og erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar.
Som grunnskulelærar vert du ein viktig rollemodell for barn og unge, og etter fullført utdanning ventar mange spennande utfordringar. Grunnskulelærarutdanning 1–7 kvalifiserer i første rekkje for undervisning i fag i dei første sju åra i grunnskulen. Utdanninga kan også gi grunnlag for arbeid i andre skuleslag, for pedagogiske og administrative oppgåver i skuleverket og for satsing andre stader i arbeidslivet. Under føresetnad av at tidlegare val har gitt nødvendig fordjuping, kan studentane i fjerde studieåret alternativt ta til på eit toårig mastergradsprogram.
Som student skal du i løpet av det fireårige studieprogrammet opparbeide deg faglege og fagdidaktiske kunnskapar i matematikk, norsk og andre fag som inngår i utdanninga, og god kunnskap om begynnaropplæring. Du skal få kunnskap om arbeid med grunnleggjande ferdigheiter (uttrykkje deg munnleg og skriftleg, rekne, bruke digitale verktøy) i og på tvers av fag, og leggje til rette for ei opplæring som er tilpassa elevar på 1. til 7. steg. Du vil også få kunnskap om det heilskaplege opplæringsløpet, med vekt på overgangen frå barnehage til skule.
Generell studiekompetanse, minimum 35 skulepoeng og minst karakteren 3 i matematikk og norsk.
240
Utdanninga er sett saman av pedagogikk, praksisopplæring og sentrale grunnskulefag der fagstudium er kombinerte med fagdidaktikk. I grunnskulelærarutdanning 1–7 er faga pedagogikk og elevkunnskap, norsk og matematikk obligatoriske. Undervisninga i desse faga er lagd til dei tre første åra. Det første studieåret kan du i tillegg velje anten engelsk, samfunnsfag eller kunst og handverk. Det tredje året kan du velje påbygging i anten norsk, matematikk, samfunnsfag eller engelsk, og du skal skrive ei bacheloroppgåve knytt til pedagogikk og elevkunnskap. I det fjerde studieåret kan du velje å ta eit skulefag til, som t.d. naturfag eller RLE, og du kan kombinere dette med å ta eit skulerelevant fag. Det vil også vere mogleg å gå over til eit femårig masterløp. Val av fag skjer etter oppstart av studiet.
Høgskulen i Volda tek atterhald om endringar i fagvalstilbodet. Ønskjer du andre fag enn dei Høgskulen i Volda kan tilby, er det mogleg å skifte studiestad etter det tredje året. Det skal til saman vere 100 dagar praksisopplæring ved praksisskular som Høgskulen i Volda har avtale med. Praksisen ligg i alle fire studieåra, men med størst omfang dei to første åra.
Yrkesrettede utdanninger

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?
I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!
Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda?
Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir.
Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen.
Gi litt av deg sjølv - få masse tilbake!Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Grunnskulelærarutdanning 1-7: